kommunalsjef, oppvekst
Barnehage- og skulebruksplan
Kva skjer til kva tid?
Dette skjer framover
- 16. april 2024: Levekårsutvalet behandlar forslag til barnehage- og skulebruksplan, og sender planen på høyring.
- 3. september 2024: Levekårsutvalet skal behandle høyringsinnspela og eit oppdatert planforslag.
- 19. september: Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak
Dette har skjedd
- 23. november 2023: Kommunestyret vedtok planprogrammet.
- 25. oktober–1. november: Norconsult har vore på synfaring på alle dei kommunale barnehagane og skulane
- 30. juni til 29. september 2023: Planprogrammet var på høyring.
- 22. juni 2023: Formannskapet behandla revidert planprogram, og gjorde vedtak om oppstart av arbeidet etter innstilling frå utval for oppvekst, kunnskap og kultur
- 23. februar 2023: Kommunestyret utsette sak om planprogram og bad om eit nytt forslag med breiare mandat og fleire omsyn enn økonomi og struktur.
- 15. desember 2022: Kommunestyret bestilte ein ny barnehage- og skulebruksplan.
Slik kan du komme med innspel
Prosjektgruppa har henta innspel frå ulike grupper, mellom andre foreldre, elevar, tilsette og leiarar.
16. april behandla Levekårsutvalet i Alver forslag til barnehage- og skulebruksplan.
Planen er no sendt ut på høyring.
Fristen for å kome med innspel er 31. mai.
Alle innspel må leverast skriftleg:
- på post@alver.kommune.no
- eller som brev til Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug
I samband med høyringsperioden inviterer vi alle innbyggjarar i kommunen til dialogmøte på fleire stader i kommunen.
Tid og stad
- 22. april
- Klokka 17.30 – 19.00: Rossland skule (gymsalen)
- Klokka 20.00 – 21.30: Kommunehuset på Frekhaug
- 29. april
- Klokka 17.30 – 19.00: Ostereidet ungdomsskule (musikkrom)
- Klokka 20.00 – 21.30: Helsehuset i Knarvik (møterom Nordhordland i 6. etg)
- 30. april
- Klokka 17.30 – 19.00: Radøyhallen
- Klokka 20.00 – 21.30: Lindås barneskule (amfi)
Slik jobbar vi med planen
- Levekårsutvalet er styringsgruppe for arbeidet.
- Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak.
- Kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe, er prosjektleiar.
- Konsulentselskapet Norconsult er leigd inn for å bidra til utarbeiding av planen.
Kva er ein barnehage- og skulebruksplan?
Planen er kommunen sitt viktigaste verktøy for å planlegge og utforme barnehage- og skulebygg og framtidig struktur.
Den endelege planen skal bidra til ei oppdatert oversikt over dei kommunale barnehage- og skuleanlegga, ei utgreiing av kva endringar kommunen bør gjere og ei vurdering av kva konsekvensar desse endringane kan gi.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe.