HeimNyheiter10 millionar frå staten - vil auke aktivitet i lokalt næringsliv

10 millionar frå staten - vil auke aktivitet i lokalt næringsliv

– Vi skal blant anna byte to tak, skifte kledning på eit anna bygg og ordne ventilasjonen i ein hall, fortel Per Asle Køhne, avdelingsleiar for eigedomsforvaltning i Alver kommune.  

Oppdraga er spreidd på kommunale bygg ut over heile Alver.

– No kan bedrifter sende inn tilbod. Oppdraga ligg ute på Doffin, kunngjeringsdatabasen for offentlege anskaffingar, seier Køhne.

- Her er det berre å sende inn tilbod, seier Per Asle Køhne om dei nye oppdraga. Her framfor Velferdssenteret på Manger.

Etterlengta vedlikehald

Dei kommunale bygga som no får vedlikehald er blant anna Velferdssenteret på Manger, der det skal leggjast nytt tak på deler av bygget. Rossland aldersheim skal få ein del nye vindauge og dører og nokre kommunale leilegheiter skal få oppussing. Ventilasjonen i symjehallen i Radøyhallen skal også oppgraderast.

– Vi legg ut ei rekkje oppdrag på kommunale bygg i Alver. Vi har mange dyktige firma i Alver, og vi håpar at dei nye jobbane bidrar i oppdragsmengda til store og små lokale bedrifter, seier Line Merete Valle, tenesteleiar for eigedomsforvaltning.

Dei statlege midlane kjem godt med når kommunen ikkje har så mykje pengar til vedlikehald i budsjettet i 2021.

Klare for å motta tilbod

Allereie i veke 50 skal kontraktane tildelast, og jobbane skal bli utførte i 2021.

– Her er det berre sende inn tilbod på Doffin. Ingen tid å miste, seier ein smilande Køhne.


Sist oppdatert: 12.11.2020
Publisert: 12.11.2020