HeimNyheiter17.mai-talen til ordføraren

17.mai-talen til ordføraren

Gratulera med dagen! Under finn du ordførar Sara Hamre Sekkingstad sin digitale 17. mai-tale.
Publisert: 17.05.2021
Sist endra: 27.05.2021

 

Ordføraren sin tale

Vårt hjerte vet, vårt øye ser, hvor godt og vakkert Norge er.

Kjære alverbu, gratulera med dagen!

Strofa frå Henrik Wergeland sin barnesong passar godt i dag. I dag kjenner eg på ei visse om kor godt og vakkert Noreg er! 

Nasjonaldagen gir oss ei anledning til å reflektere over kva som gir tilhøyrsle til landet vårt og staden vi bur på. Vi kan reflektere over det vakre landet vi bur i, naturen, fridomen, frivilligheita og bygda vår.

17. mai er ein dag som betyr mykje for oss alle. Det er ein dag for fellesskap, ein dag for refleksjon og takksemd, men mest av alt er det barna sin dag.

Eg er ei stolt korpsjente, og for meg har 17. mai og tida rundt 17. mai alltid handla om korps og marsjering. Vi har øvd på marsjering i regn og i sol. Sjeldan marsjerte vi på rekke, men eg var alltid stolt av å kunne gå med bunad i toget på 17. mai, glede folk med musikk og setje stemninga for feiringa og festen. Kvar gong vi har spelt nasjonalsongen har eg vore stolt og takknemleg. Takknemleg for at eg har fått vakse opp i denne kommunen, i ei levande bygd, takknemleg for at frivillige og lokale eldsjeler har stått på slik at eg kunne delta på aktivitetar.

Det siste året har vist oss verdien av levande lokalsamfunn og sterke fellesskap. Vi er heldige som bur i ein kommune med levande lokalsamfunn, der frivilligheita og samhaldet står sterkt.

Alver-samfunnet har ein lang tradisjon for frivilligheit og dugnadsinnsats. Vi som bur i Alver har stor tilhøyrsle til nærområdet vårt. Vi er engasjerte innbyggjarar, som bryr oss om nærområdet, som stiller opp for kvarandre og som skapar aktivitet og engasjement rundt oss. Dette bidrar til å skape samhald og fellesskap. Eit samhald som vi skal vere stolte av.

Vi er heldige som bur i eit land med demokrati, med fridom til å stemme og stille til val. Vi er heldige som bur i eit fredeleg land med høg tillit. Eg er takksam for dei som har gått framfor og kjempa kampen for oss, slik at vi kan leve i eit samfunn med fridom, demokrati og tillit - der fellesskapet står sterkt.

No er det vår tur og vårt ansvar å ta vare på verdiane, bringe dei vidare til neste generasjon og gje barna våre moglegheiter til å vekse opp i eit trygt og godt samfunn.

Det er godt å sjå mangfaldet i kommunen vår. Vi har plass til alle i Alver-samfunnet. Vi skal fortsetje å arbeide for fellesskapen, for at alle får vere med, og på 17. mai feirar vi nasjonaldagen vår i fellesskap. Sjølv om ein er oppvaksen i eit anna land kan vi vere glade i landet vi bur i no, og samtidig vere stolte av opphavet og kulturen vi kjem frå. Det synest eg er vakkert. 

Vårt hjerte vet, vårt øye ser, hvor godt og vakkert Norge er.

For Noreg, Alver og lokalsamfunnet vårt er verkeleg godt og vakkert.

Kjære alle saman, eg håpar de brukar dagen i dag til å reflektere over samfunnet vi lever i og til å rope hurra og feire saman med barna våre.

Vi skal feire med is, pølser og hurrarop – og til neste år håpar eg at vi alle kan feire saman. Eg gler meg til å sjå korps, song, talar, leikar og hurra-rop rundt i alle bygder og lokalsamfunna i Alver.

Hurra for Noreg og vår bursdag! Gratulera med dagen!