HeimNyheiter20 fekk påvist koronavirus sist veke

20 fekk påvist koronavirus sist veke

Kommuneoverlegen trur fleire kan ha koronavirus i Alver, og oppmodar alle med nyoppståtte luftvegssymptom om å teste seg.
Publisert: 25.10.2021
Sist endra: 25.10.2021

Sist veke fekk 20 personar påvist koronavirus i Alver kommune. Halvparten av desse har vore på det same sosiale treffet.

– Dette er ei viktig påminning til oss alle. Vi er framleis i ein pandemi. Det er framleis slik at folk kan bli smitta der fleire er samla og nokon kan bli alvorleg sjuke, fortel kommuneoverlegen.

Folgerø minnar om smittevernreglane og ber alle med nyoppståtte luftvegssymptom om å vere raske med å teste seg – også dei som er vaksinerte.

Trykk her for å laste ned skjemaet til FHI som visar kva du skal gjere om du har nyoppståtte luftvegssymptom.

Frå 10 til 60 år

Alderen på dei som fekk påvist koronavirus i veke 42 varierte frå 10 til 60 år. Fleirtalet var ungdomar.

Det var både uvaksinerte, delvaksinerte og fullvaksinerte mellom dei smitta.

– Generelt er det slik at dei som er vaksinerte får mildare symptom enn dei som ikkje har tatt vaksinen. Vi oppmodar difor alle som enno ikkje har tatt vaksinen om ta kontakt med koronasenteret og bestille seg ein time, seier kommuneoverlegen.

100 testar om dagen

Det er framleis stor aktivitet på koronasenteret til Alver kommune. Senteret driv både med vaksinering – og delar ut hurtigtestar til innbyggjarar som fyller kriteria for testing.

– Dei siste vekene har vi delt ut om lag 100 hurtigtestar kvar dag, fortel kommuneoverlege Folgerø.

Alle som får utslag for koronavirus på hurtigtesten sin må komme tilbake til koronasenteret og ta ein såkalla PCR-test for å få stadfesta at testen er positiv.

 

Trykk her for å gå til sida med pressemeldingar og oppdaterte smittetal.

Trykk her for å gå til sida med informasjon om koronavaksinasjon i Alver.

Trykk her for å gå til sida med informasjon om koronatesting i Alver.