HeimNyheiter30.000 vaksinedosar sette i Alver

30.000 vaksinedosar sette i Alver

Onsdag vart vaksinedose nummer 30.000 sett i Alver kommune.

– Vi har utruleg mange dyktige frivillige frå Røde Kors, Nordhordland Rotaryklubb og tilsette i Alver kommune som står på for å få vaksinert alverbuen. Dei gjer ein kjempeinnsats, skryter Oddekalv.

Under massevaksinasjonen i Nordhordlandshallen onsdag vart 2076 vaksinedosar sette.

Fortset å halde avstand

– Ein del av dei vi vaksinerte i går var i aldersgruppa 18 til 39 år og fekk første vaksinedose. Vi har ledige timar framover, så det er berre å bestille time på heimesidene våre eller ved å ringe koronasenteret, fortel vaksinekoordinator og rådgjevar for helse og omsorg Simon Walther Grandahl. 

– Sjølv om fleire og fleire blir fullvaksinerte er det framleis ein del dosar som skal setjast. Både delvaksinerte og fullvaksinerte kan vere smittebærande, så det er viktig at vi alle fortset å halde god avstand og følgje smittevernråda, seier Oddekalv.

Tilsette i helse og omsorgstenesta, skular og barnehagar har dei siste 14 dagane fått tilbod om å framskunde dose 2.    

Anbefalingar

Alver kommune har hatt eit nytt møte torsdag morgon, der smittesituasjonen i Alver vart vurdert.

– Vi held på anbefalingane og ber innbyggjarar i Alver om å følgje koronatiltaka som er i Bergen, seier Oddekalv.

11. august presenterte Bergen kommune ei rekkje nye koronatiltak, blant anna med krav om bruk av munnbind på kollektivtransport, og der det elles ikkje er mogleg å halde ein meters avstand.

– Per no er vurderinga vår at det ikkje er naudsynt med nye lokale tiltak i Alver. Vi har klart å spore smitta på dei fleste påviste koronatilfella vi har hatt i Alver den siste tida. Situasjonen kan likevel endre seg fort og vi følgjer nøye med på smittesituasjonen saman med kommunane i regionen vår. Smitta spreiar seg i fort i private samankomstar, så vi ber alle om å avgrense kor mange nærkontaktar dei har, seier Oddekalv.


Sist oppdatert: 12.08.2021
Publisert: 12.08.2021