7 nye koronatilfelle i påsken
Alver kommune har fått melding om sju nye koronatilfelle i påsken:
- 31. mars – 4 tilfelle
- 2. april – 2 tilfelle
- 4. april – 1 tilfelle
Fire av desse er «nye» tilfelle og ikkje knytt til tidlegare, påviste tilfelle i kommunen.
– Dei muterte virusvariantane som er i samfunnet no er svært smittsame. Difor går vi breitt ut når vi kartlegg og testar nærkontaktar. Det er viktig at folk har låg terskel for å teste seg, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.
Kommunen ventar svar på fleire prøvar som er knytt til dei fire tilfella. Førebels er det ikkje aktuelt å innføre lokale tiltak, men kommuneoverlegen oppmodar alle om å følgje dei nasjonale retningslinjene.
– Om vi held oss mest mogleg heime og har minst mogleg kontakt med andre får viruset færre moglegheiter til å spreie seg. Vi bør alle saman oppføre oss som om vi i har viruset og kan smitte andre, seier kommuneoverlegen.
Ho minner om avstandskravet på 2 meter og ber folk bruke munnbind i situasjonar der det ikkje er mogleg å halde tilstrekkeleg avstand.
– Vi ser fleire tilfelle no, der folk har blitt smitta etter å ha slått av ein prat ute. Avstandskravet er med andre ord like viktig ute som inne, seier Folgerø og legg til:
– Hugs at smitteporingsteamet har teieplikt. Det er viktig at dei får god informasjon om kven du har vore i kontakt med, om dei ringer deg.
Kommuneoverlegen ber innbyggjarar om å laste ned smittestopp-appen. Gjennom appen får du beskjed om du har vore i nærleiken av ein annan app-brukar som har testa positivt for viruset, og vil få retningslinjer og råd.
Trykk her for å gå til sida med oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Alver kommune.