HeimNyheiterAlver får 1000 ekstra vaksinedosar

Alver får 1000 ekstra vaksinedosar

– Etter ein lengre periode utan smittetilfelle har vi fått fleire tilfelle den siste tida. Folkehelseinstituttet har uttalt at det er sannsynleg med auka koronasmitte i Noreg, der deltavarianten vil overta. Vi har nett fått bekrefta at eitt av dei siste smittetilfella i Alver var deltavarianten. Vi reknar med at deltavarianten også vil overta i Alver, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Ho minner om kor viktig smitteverntiltaka framleis er, og kva bidrag den enkelte kan gjere.

– Deltavarianten er meir smittsam og kan gi meir alvorleg sjukdom. Bidra til å unngå alvorleg sjukdom og død, ta vaksinestikket ditt i sommar, seier Folgerø.

Bestill time til vaksine

– Vi ønskjer å få vaksinert alle i Alver med dose 1 i løpet av veke 32, før jobb, skule og aktivitetar startar opp att for mange. Vi ber alle som ønskjer vaksine om å prioritere dose 1 no, seier Folgerø.

Alle som bur i Alver og er over 18 år kan no bestille seg time sjølv. Trykk her for å bestille time til koronavaksine.

Dei som ikkje ønskjer å nytte seg av bestilling på nett, eller har spørsmål om vaksineringa kan ringe koronatelefonen på 56 37 59 00. 

– Vi har ledige timar for dose 1 både 28. juli, 4. august og 11. august, så det er berre å booke seg time, seier Folgerø.

Fleire unge har fått første stikk

I gruppa 18-24 år har tala for vaksinerte med første dose stige betrakteleg. No har 72 prosent av denne aldersgruppa i Alver fått første vaksinedose.

– Eg må få skryte av 18-24-åringane. Det er flott å sjå at dei tek sin del av samfunnsansvaret, og får vaksinert seg. Vaksinestikka gjer at vi kjem nærare og nærare ein normal kvardag, seier Folgerø.   

Det er gruppa 25-39 år som no har desidert færrast vaksinerte med dose 1. Her har berre 37 prosent fått første vaksinedose.

– Følg opp dei yngste sitt gode eksempel, og bestill time til vaksine, rår Folgerø.

 

Oppdatert kl 15:14 

Vi hadde tidlegare skrive at "– Vi ønskjer å få vaksinert alle i Alver med dose 1 i løpet av veke 30". Det rette veketalet er 32. Vi beklagar feilen.


Sist oppdatert: 23.07.2021
Publisert: 23.07.2021