HeimNyheiterAukande smittetrend i Alver

Aukande smittetrend i Alver

Kommuneoverlegen i Alver ber alle om å begrense sosial kontakt og ha så få nærkontaktar som mogleg.
Publisert: 11.05.2021
Sist endra: 11.05.2021

– Vi har ein aukande smittetrend i kommunen vår. Det bekymrar oss, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Kommunen følgjer situasjonen nøye, og vil innføre lokale tiltak på kort varsel om det blir nødvendig.

– Førebels er vurderinga vår at dei nasjonale reglane er tilstrekkelege, men vi er avhengig av at innbyggjarane våre held fram med å følgje smittevernreglane, seier kommuneoverlegen.

Begrens sosial kontakt

– Vi ser at enkelte har mange nærkontaktar. Dette aukar risikoen for å bli smitta og føre smitten vidare. I tillegg gjer det smittesporinga krevjande, fortel kommuneoverlegen.

Det viktigaste alle kan gjere no er å begrense den sosiale kontakten mest mogleg, og redusere talet på nærkontaktar.

– Ikkje bytt nærkontaktar for ofte. Vel heller eit fåtal personar du kan vere med over tid, seier kommuneoverlegen.

– Hald ut

Ho minnar om dei generelle smittevernråda, og ber innbyggjarane om å halde ut og vere med på den viktige sluttspurten.

– Vi har kome langt med vaksineringa, og vil få eit godt vern av befolkninga i løpet av nokre få månader. Vi må ikkje slappe av no. I tillegg til å begrense sosial kontakt, er det viktig å halde avstand, ha god handhygiene, vere heime om du er sjuk og test deg så snart som mogleg om du får symptom og mistenker at du er smitta, seier kommuneoverlegen.

Mest smitte i familiar

Dei siste tre vekene har 46 personar fått påvist koronavirus i Alver kommune. Berre fire av desse har hatt ukjent smitteveg.

Av dei som er smitta er dei fleste foreldre med barn i ulike aldrar, nokre få er over 50 år.

– Smitten skjer i hovudsak i familiar, og kjem oftast inn i familien gjennom nærkontaktar på arbeid eller fritidsaktivitetar. Vi har ikkje registrert smitteoverføring mellom barn eller barn og vaksne på skular og barnehagar, seier kommuneoverlegen.