HeimNyheiterAvventar nasjonale retningslinjer for 17. mai-feiringa

Avventar nasjonale retningslinjer for 17. mai-feiringa

Det er for tidleg å seie korleis koronapandemien vil påverke gjennomføring av årets 17. mai-feiring.
Publisert: 08.03.2021
Sist endra: 08.03.2021

Slik situasjonen er no, er det vanskeleg å sjå for seg ei tradisjonell feiring med tog og større samlingar. Vi oppmodar difor alle 17. mai-komitear om å tenke kreativt og vurdere alternative måtar å markere dagen på.
I fjor laga regjeringa nasjonale rammar og retningslinjer for dagen. Fleire 17. mai-komitear i Alver inviterte til trygge, alternative arrangement innanfor desse rammene. Bilkortesje, natursti, digitale arrangement og ekstra pynting vart løysinga i fleire bygder.
Følg med på nettsida og Facebook-sida til kommunen for oppdatert informasjon. Vi delar dei nasjonale retningslinjene så snart dei er klare.

Trykk her for Alver kommune på Facebook