Barnehage- og skulebruksplan: Kommunedirektøren si tilråding etter 2. gongs høyring
Kommunedirektøren rår til at vi gjer følgande endringar i fase 1, perioden 2024-2025:
- Barnehage
- Behalde Marihøna barnehage og auke kapasiteten
- Effektivisere drifta i Lindås barnehage ved å auke kapasiteten
- Flytte Austebygd barnehage til Bø barnehage
- Samle all aktiviteten til Prestmarka barnehage i Solhall-bygget
- Flytte Haugen barnehage til Juvikstølen barnehage (gjennomført)
- Skule
- Flytte Myking skule til Lindås barneskule
- Flytte Austebygd skule til Hordabø skule
- Flytte Kløvheim skule til Leiknes skule
- Flytte Eikanger skule til Leiknes skule
Kommunedirektøren ber om at kommunen set av pengar til tiltak ved skular som får elevar frå skulane som er foreslått lagt ned, samt pengar til investeringstiltak for Prestmarka barnehage og rehabilitering av Sæbø barnehage.
– Skulane som skal ta imot nye elevar må vere godt rusta og klare til å gi dei ein god skulekvardag. Difor er det viktig at vi set av pengar til dette no, slik at det kan bli innarbeidd i økonomiplanen for 2025-2028, seier kommunedirektør Christian Fotland.
Ber om at det blir sett i gang følgjande arbeid i fase 2
I tilrådinga frå kommunedirektøren ligg det også følgande forslag for perioden 2025 - 2028:
- Vurdere 1-10-skule på Manger
- Tilbygg og oppgradering av Knarvik ungdomsskule
- Vurdere 1-10-skule på Lindås
- Vurdere å flytte Vestbygd skule til Rossland skule – etter at ny ungdomsskule på Frekhaug står ferdig.
- Vurdere 1-10-skule på Ostereidet
Kommunedirektøren rår til at prosjektarbeidet med nye Meland ungdomsskule held fram. Økonomisk ramme for dette arbeidet blir lagt inn i økonomiplan for 2025-2028.