Bli med på sommaraktivitetar for born
Sommaraktivitetane er eit samarbeid mellom fleire lokale aktørar.
Sommaraktivitetane går føre seg i veke 27, 28, 29, 30 og 31. Aktivitetane er frå måndag til fredag, kl. 09.00- 15.00.
Program:
Trykk her for å sjå program for sommaraktivitetane
Slik melder du deg på:
For å søkje plass må ein kunne delta heile veka. Påmeldinga stenger søndag, 19. juni, kl. 00.00.
Me ønskjer at flest mogleg skal kunne delta på sommaraktivitetane.
Born som har med eigen støttekontakt eller følgjeperson må opplyse om dette i påmeldinga.
Er det viktig informasjon som arrangør treng, er det fint om dette vert opplyst i påmeldinga. Er du usikker på noko i høve til ditt born, ta kontakt med oss.