Bli med på vårryddedagen!
Vårryddedagen er ein nasjonal ryddekampanje der det kvart år vert fjerna store mengder avfall frå norsk natur, før ferdselsforbodet trer i kraft 15. april.
Målet med vårryddedagen er å ha ein felles ryddedag når avfall kjem til syne etter snøsmeltinga, og før hekketida er i gang for fullt.
Har du lyst til å delta?
NGIR deler ut sekkar og hanskar til alle som vil rydde.
Utstyr kan du hente i resepsjonen i Kjevikdalen måndag til fredag klokka 08.00 - 15.30, eller i ein av strandryddekassane som er plasserte ut i regionen.
Sjå kor strandryddekassane står her.
Du kan rydde langs elvar, innsjøar, strender, holmar, øyar, stiar eller andre stader med eigarlaust avfall.
Ønsker du å rydde eit større område? Då kan NGIR setje ut konteinar. Ta kontakt på e-post strandrydding@ngir.no.
Registrer gjerne aksjonen din på ryddenorge.no eller i appen: Rydde
Korleis kvittar du deg med avfallet?
Når du er ferdig å rydde tar du kontakt med NGIR på e-post: strandrydding@ngir.no, for å avtale henting av avfallet.
Det er sjølvsagt lov å rydde på andre dagar i året også, men me minner om at du etter 15. april må ta ekstra omsyn i område der det kan vere hekkande fuglar.