Det er opna for søknadar til Den kulturelle skulesekken
Alle søkjarar må fylle ut søknadsskjema og legge ved prosjektskildring, CV og portefølje. Søknaden sendast til sigrid.fivelstad@alver.kommune.no
Alver kommune støtter ikkje utarbeiding av produksjonar, men tek imot søknadar om ferdige produksjonar. Når ein produksjon er godkjent og tildelt, tek utøvar sjølv kontakt med skulane for å avtale tid og gjennomføring.
Sjølv om du har sendt ein e-post eller teke kontakt på anna vis tidlegare, må du sende søknaden på nytt til sigrid.fivelstad@alver.kommune.no eller til post@alver.kommune.no