HeimNyheiterEigedomsskatt for 2021

Eigedomsskatt for 2021

Eigedomsskattelistene ligg no ute til offentleg ettersyn i tre veker frå fredag 26. februar.
Publisert: 26.02.2021
Sist endra: 26.02.2021

Kommunestyret har i budsjettvedtak for 2021 vedteke å skrive ut eigedomsskatt «på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum» etter eigedoms-skattelova § 3 c). Samstundes er det vedteke å skrive ut eigedomsskatt etter overgansgreglane til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 først og andre ledd. Det er også vedteke å gjere ny allmenn taksering med verknad frå og med skatteåret 2021, jf. eigedomsskattelova § 8 A-3 (2).

På grunnlag av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt for 2021, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, vert ei eigedomsskatteliste lagt ut til offentleg ettersyn i tre veker frå fredag 26. februar. Lista viser dei skattepliktige eigedommane med opplysningar om matrikkel-nummer (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen og utrekna eige-domsskattebeløp.

Trykk her for å sjå eigedomsskatteliste for 2021

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klaga på det same grunnlaget tidlegare år. Klaga må leverast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var lagt ut eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med eigedomsskattelova § 14.

Eigedomsskattekontoret har adresse:

Alver kommune,
Kvernhusmyrane 20,
5914 ISDALSTØ