HeimNyheiterEr du opptatt av idretten i kommunen vår?

Er du opptatt av idretten i kommunen vår?

Vi inviterer til møte der du kan kome med innspel til, og få informasjon om kommunedelplanen for kultur, idrett og friluftsliv.
Publisert: 15.06.2022
Sist endra: 15.06.2022

Møtet er onsdag 24. august klokka 19-20.30 på Meieriet Frekhaug.

Vi ønskjer velkommen idrettsengasjerte personar og idrettslag i kommunen vår.

I samband med utarbeidinga av kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv ønskjer me å informere dykk om prosessen så langt, status per no og vegen vidare.

Kom med innspel

Me ønskjer også innspel på ein del konkrete tema, samt høyre frå dykk kva som er viktig for idretten at vert handsama som ein del av planen.

Kva konkrete tema vi ønskjer innspel på vert sendt ut i forkant av møtet slik at ein har moglegheit til å reflektere sjølv, og drøfte internt i sine organisasjonar.

Meld deg på ved å sende ein e-post til: 
anders.olav.dale@alver.kommune.no

Påmelding seinast i løpet av måndag 22. august.

Har de spørsmål om planen eller møtet kan desse også sendast til Dale.

Program onsdag 24. august

  • Kl. 19.00 – Info om kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv
  • Kl. 19.20 – Tema kommunen ønskjer innspel på
  • Kl. 19.50 – Innspel frå idretten på tema som bør prioriterast i planen
  • Kl. 20.20 – Oppsummering