HeimNyheiterFår du ikkje bestilt time til vaksinasjon?

Får du ikkje bestilt time til vaksinasjon?

Systemet for å registrere at du ønskjer koronavaksine og bestille time til vaksinasjon er diverre ustabilt.
Publisert: 03.06.2021
Sist endra: 03.06.2021

Alver kommune brukar Helseboka til å halde oversikt over kven som ønskjer vaksine. Onsdag 2. juni krasja systemet på grunn av kapasitetsproblem.

Systemet er oppe og går att no, men fleire innbyggjarar melder om at det er ustabilt og vanskeleg å kome i mål med timebestilling.

Vi veit at Helseboka jobbar på spreng med å rette alle feil, og ber alle som kan vente – om å prøve att seinare i dag eller i morgon.

Dersom du ikkje kan vente – ring koronasenteret på 56 37 59 00, så kan dei hjelpe med deg med å fullføre registreringa eller timebestillinga.

Trykk her for å lese meir om koronavaksinasjon i Alver kommune.