HeimNyheiterFleire smitta på skular i Alver

Fleire smitta på skular i Alver

Sprengt testkapasitet gjer at kommunen innfører ei lokal forskrift som fjernar unntaket frå regelen om smittekarantene for barn og unge under 18 år.
Publisert: 02.09.2021
Sist endra: 02.09.2021

Sidan onsdag formiddag har Alver kommune fått melding om 13 nye smittetilfelle. Fleire av tilfella er knytt til skulane Knarvik vidaregåande, Sæbø og Seim.

På Knarvik vidaregåande skule er elevar i åtte klassar nærkontaktar og sett i karantene. På Sæbø skule er elevar i 2., 6. og 7. trinn nærkontaktar og sett i karantene. På Seim skule er elevar i 2. trinn sett i karantene.

Kommunen ventar svar på fleire prøvar og reknar med at fleire vil få påvist koronavirus dei neste dagane.

Innfører lokal forskrift

– Omfanget av smittesituasjonen vi har no, gjer at testkapasiteten på koronasenteret er sprengt. Vi innfører difor ei lokal forskrift, der vi går vekk frå dei nye retningslinjene som sa at barn og unge under 18 kunne teste seg ut av karantene på dag 3, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Forskrifta gjeld i to veker frå og med 2. til og med 16. september, og betyr at barn og unge som er nærkontaktar til ein med påvist koronavirus må følgje dei vanlege reglane for smittekarantene.

– Smittekarantenen varar i 10 døgn, men det går an å teste seg ut av karantenen med ein negativ test etter 7 døgn, fortel kommuneoverlegen.

Eigne reglar for vaksinerte

Folgerø minnar om at det er eigne reglar for dei som er delvaksinerte og fullvaksinerte. Dette betyr at ein del lærarar og elevar som er nærkontakt til ein med påvist koronavirus ikkje skal i karantene.

– For fullvaksinerte nærkontaktar er det ikkje krav til test eller karantene. Dei som har fått første dose for mellom 3 og 15 veker sidan treng heller ikkje gå i karantene, om dei testar seg mellom 3 og 7 døgn etter nærkontakt med ein smitta person, forklarar kommuneoverlegen.

Ho understrekar samstundes at alle som har symptom må halde seg heime og ta kontakt med koronasenteret for å be om ein test, sjølv om dei er vaksinerte.

– Kapasiteten på koronasenteret gjer at det er lenger svartid på det digitale skjemaet og lenger ventetid på telefon enn vanleg. Vi oppmodar alle som kan, om å ta kontakt med oss på det digitale skjemaet – og ber alle som tar kontakt om å vere tålmodige, seier kommuneoverlegen.

 

Trykk her for å gå til sida med oppdatert informasjon om smittesituasjonen i Alver kommune.