HeimNyheiterFølg Ole - få tips som kan betre økonomien din

Følg Ole - få tips som kan betre økonomien din

Dette er eit kurs for alle – uansett inntekt og forkunnskapar om økonomiske forhold.

På kurset får vi følge Ole som leiger leilegheit og jobbar som butikkmedarbeidar. Han fortel ofte at han ikkje har pengar igjen når månaden er slutt. Han slit med å få endane til å møtast.

Korleis går det med Ole når han begynner å sjå nærare på sitt eige forbruk?

Kurset tar utgangspunkt i ei praktisk tilnærming til Ole sin økonomi, der råd som blir gitt til Ole kan overførast til eigen økonomi.

Kva grep kan du ta i ditt eige budsjett? Kjem Ole til å få moglegheit til å realisere eigne draumar når det gjeld økonomi? Kva risikoar finst med tanke på lån/kreditt? Og kva må du gjere når du får brev frå namsmannen?

Her er det med andre ord mykje god kunnskap og nyttige tips å få med seg, til glede for din eigen økonomi.

Trykk her om du vil ta kurset og finne ut kva som skjer med økonomien til Ole 


Sist oppdatert: 01.07.2021
Publisert: 01.07.2021