Gratulerer med den internasjonale eldredagen!

Dagen blir markert 1. oktober kvart år verda over. Her kan du lese helsing frå ordførar Sara Hamre Sekkingstad og leiar av eldrerådet Olav M. Steinsland.
Publisert: 30.09.2022
Sist endra: 30.09.2022

Helsing og gratulasjon frå ordføraren:

Eldredagen er ein dag for å stoppe opp og tenke gjennom kva den eldre delen av befolkninga betyr for oss og kva vi kan gjere for at kvardagen kan bli betre for eldre.

FN har erklært 2021-2030 for tiåret for sunn alderdom. Eitt av måla er å rette merksemd mot eldre menneske sine behov og korleis eldre tar vare på eiga helse og livskvalitet.

Globalt og i Alver er det befolkninga på over 65 år som vekst raskast, og det er forventa at talet på menneske over 65 år vil auke i åra som kjem. For å sikre at flest mogleg kan få ein god og sunn alderdom, er det viktig at vi legg til rette for at eldre skal kunne få leve på sine premiss.

I Alver har vi fleire tilbod til eldre. Blant anna har vi den kulturelle spaserstokken, som er ei nasjonal satsing som tilbyr kunst- og kulturopplevingar til eldre, vi har seniorsenteret som er ein møteplass kor det vert arrangert ei rekke aktivitetar. Vi har også tilbod til dei som ønskjer å lære om digitale hjelpemiddel.

Uavhengig av kva du likar å bruke tida på, så håpar eg at du finn noko som passar for deg her i Alver. Og eg håpar at du oppsøker tilboda, blir med, lærer og har det kjekt. Ta gjerne med ein nabo eller ein ven. Kanskje kan de lære noko av kvarandre? Til slutt har eg ei oppfordring til deg: Ta vare på deg sjølv og di eiga helse. Kjenn etter kva du treng og kva du kan gjere for di eiga helse i dag. For meg er det viktig at eldre i Alver skal leve gode og aktive liv, og kunne ta del i samfunnet. Det er vår jobb som politikarar å leggje til rette for dette. Derfor er det viktig at du brukar kanalane ein har for å påverke og tar kontakt om det er noko vi kan gjere betre i vår kommune!

Beste helsing Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver

Helsing og gratulasjon frå eldrerådsleiaren:


Gode pensjonistar i alle aldrar i Alver kommune, gratulerer med dagen!
FN sin internasjonale dag for eldre har i år det overordna temaet «Eldre menneskers motstandsdyktighet i en verden i endring»

Kva betyr dette for deg og meg? Har vi ei tru på at vi ikkje treng påfyll av kompetanse, basert på endringar rundt oss, sidan vi har erfaringar frå eit langt liv. Då må vi vere aktive for at vi ikkje skal bli fråtatt retten til å delta i AS Norge si framtidige utvikling. Ting endrar seg raskt rundt oss, men vi må også vere med for at vår aldersgruppe ikkje skal bli ein salderingspost i det store rekneskapet.
Vi er ei stor og veksande gruppe av individ med varierande livserfaring og kompetanse som framleis kan brukast innanfor fleire område i samfunnet. Men utviklinga viser også at blant oss, så manglar anslagsvis 500.000 (på landsbasis) tilfredsstillande digital kompetanse. Kampen mot digitalt utanforskap blant eldre er ei av dei viktigaste sakene vi framleis må kjempe for.

I 2002 blei ansvaret for dei eldre sine rettar tillagt styresmaktene gjennom eit internasjonalt møte i Madrid. Når det gjeld helse og livskvalitet må vi her også understreke vårt eige ansvar for temaet innanfor dei rammene vår eigen kapasitet og helse tilseier. Om mogleg ver aktiv både mentalt og fysisk. La di stemme bli høyrt.

Året 2022 er også frivillig-året. Vi veit at mange eldre gjer ein stor innsats innanfor frivillig arbeid. Storsamfunnet skal vere takknemleg for denne innsatsen, samtidig som innsats for å hjelpe andre også kan vere god medisin for eiga helse.
Den internasjonale eldredagen vil komme igjen årviss. Vi veit det er mange område som kan forbetrast for vår generasjon. La oss alle bidra på kvar vår måte til felles beste.

I Alver kommune i 2022 er arbeidet med revisjon av våre styringsdokument inne i ein viktig fase. Ver med og gi dine innspel til desse viktige dokumenta.
Eldredagen 1.oktober kan hjelpe oss med å setje fokus på tema som kan forbetrast – ver med og marker denne dagen du og!

For Alver Eldreråd
Olav M Steinsland, leiar for eldrerådet i Alver.

Eldrerådsleiar Olav M. Steinsland