Hallandsvatnet er friskmeldt
Melding til deg som ønskjer å fiske eller bade i Hallandsvatnet.
Publisert:
11.04.2022
Sist endra:
11.04.2022
Vi har fått nokre spørsmål om det er trygt å fiske i Hallandsvatnet i det siste. Svaret er at vatnet er friskmeldt.
Vi tok fleire prøvar av Hallandsvatnet etter at det vart påvist store mengder blågrønalgar i fjor sommar. Den siste prøven vi tok i september viste framleis høge verdiar, men ein runde med vinter tar knekken på algane.
Du kan med andre ord trygt fiske - eller bade og vasse i Hallandsvatnet.