HeimNyheiterHar du ein underliggande sjukdom og ventar på vaksinetilbod?

Har du ein underliggande sjukdom og ventar på vaksinetilbod?

Alver kommune ber alle som meiner at dei er i risikogruppe 5-7, og enno ikkje har fått tilbod om koronavaksine, om å ta kontakt med fastlegen sin.
Publisert: 25.05.2021
Sist endra: 25.05.2021

Alver kommune har kome til risikogruppe 7 på prioriteringslista til Folkehelseinstituttet – personar i alderen 18-44 år med underliggande sjukdommar.

– Vi har fått namn på kven som er i risikogruppe 5-7 frå fastlegane, og har no invitert alle på listene våre. Om du ikkje har fått time til vaksinasjon og meiner at du burde fått eit tilbod, må du ta kontakt med fastlegen din – slik at fastlegen kan melde ifrå til oss, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Fastlegen bestemmer

– Det er fastlegane som kjenner sjukdomshistorikken din og kan vurdere om du har auka risiko for å bli alvorleg sjuk om du får koronavirus. Difor er det dei du må ta kontakt med og ikkje koronasenteret, forklarar kommuneoverlegen og legg til:

– Dersom fastlegen kjem til at du ikkje er i risikogruppa, må du registrerer deg i Helseboka. Då blir det enklare for koronasenteret å kome i kontakt med deg når det er din tur.

Helseboka er det digitale systemet kommunen brukar for å halde oversikt over kven som ønskjer vaksinen. Innbyggjarar som skal registrere seg, finn meir informasjon om korleis dei gjer dette på vaksinasjonssidene til kommunen.

Registrer deg for koronavaksinering her.

Er du 64-55 år?

Den neste gruppa på prioriteringslista til Folkehelseinstituttet er innbyggjarar født i perioden 1957 til 1966, altså dei som er mellom 64 og 55 år.

– Vi er klare for å invitere dei eldste årskulla i denne gruppa no, og sender tekstmelding med link til timebestilling til dei som har registeret seg i Helseboka, fortel kommuneoverlegen.

Ho oppmodar alle som ikkje har registrert seg i Helseboka enno om å gjere det så snart dei kan.