HeimNyheiterHar du forslag til kandidatar til kulturpris og frivilligpris?

Har du forslag til kandidatar til kulturpris og frivilligpris?

Har du forslag til nokon som fortjener vår kulturpris eller frivilligpris? Då kan du melde dine kandidatar til oss innan 25.november.
Publisert: 04.11.2021
Sist endra: 04.11.2021

Alver kommune kan kvart år dele ut kulturpris og frivilligpris. Prisane skal gå til einskildperson, lag eller organisasjon som har gjort ein særskilt innsats innan kultur, idrett/friluftsliv eller frivilligheit over lang tid, til beste for innbyggjarane i Alver kommune.

Du kan melde din kandidat til 

Om kulturprisen
  • Alver kommune sin kulturpris vert delt ut ein gong pr. år.
  • Formålet med kulturprisen er å anerkjenne aktiv innsats innan kultur, idrett/friluftsliv eller frivilligheit over tid i kommunen eller bidrag til å gjere Alver kommune kjend elles i landet innan dette felt.
  • Einskildpersonar, lag og organisasjonar busett i og utanfor kommunen kan bli
  • vurdert ved tildeling av kulturpris. Alle greiner innan kulturlivet blir rekna som jamgode.
  • Kulturprisen gjevast same person/organisasjon berre ein gong. Prisen kan unntaksvis bli delt på
  • fleire kandidatar.
  • Utlysing av kulturprisen vert gjort kjend i lokalpressa og på kommunen si
  • heimeside og sosiale medium i god tid.
  • Alle kan sende inn eit skriftleg, grunngjeve forslag til kandidatar til kulturprisen.
  • Det skal gå fram av forslaget kven som har foreslått kandidaten/-ane. Kommunen kan sjølv fremje forslag på kandidatar.
  • Forslag må vere kommunen i hende innan 25. november.

Ein komité samansett av tre representantar utgjer jury for kulturpris:

  • Ein representant frå Utval for oppvekst, kunnskap og kultur
  • Ein representant frå Alver idrettsråd
  • Ein representant frå Alver kulturråd
  • Ein representant frå kulturadministrasjon er sekretær for juryen.

Kulturprisen vert delt ut av ordførar.

Om frivilligheitsprisen
  • Alver kommune kan kvart år dele ut ein frivilligheitspris. Prisen skal delast ut til einskildpersonar eller lag/organisasjonar som har gjort ein særskilt frivillig innsats og engasjement innan kultur, idrett/friluftsliv, humanitært- eller helserealtertarbeid, til beste for innbyggjarane i Alver kommune.
  • Alver kommune sin frivilligpris vert delt ut ein gong pr. år.
  • Formålet med prisen er å markere og synleggjere frivillige og frivillig innsats innan kultur, idrett/friluftsliv, humanitært- eller helserelatert arbeid, og å fremje frivillig engasjement, både innan og utanfor «det utvida kulturomgrep»
  • Lag/organisasjonar eller einskildpersonar som får tildelt frivilligpris skal ha tilknyting til Alver kommune, og ha sitt verke i kommunen.
  • Frivilligprisen kan gjevast same person/organisasjon berre ein gong. Beløpet kan unntaksvis fordelast på fleire kandidatar.
  • Utlysing av frivilligprisen vert gjort kjend i lokalpressa og på kommunen si heimeside og sosiale medium i god tid.
  • Alle kan sende inn eit skriftleg, grunngjeve forslag på kandidatar til frivillgpris. Det skal gå fram av forslaget kven som har foreslått kandidaten/-ane. Kommunen kan sjølv fremje forslag på kandidatar.
  • Forslag må vere kommunen i hende innan 25. november.

Ein komité som skal vere samansett av tre representantar utgjer jury for frivilligpris

  • Ein representant frå Utval for oppvekst, kunnskap og kultur
  • Ein representant frå Alver idrettsråd
  • Ein representant frå Alver kulturråd

Ein representant frå kulturadministrasjonen er sekretær for jury.

Frivilligprisen vert overrekt av ordførar og kultursjef i samband med FN sin internasjonale frivilligdag. 5. desember kvart år, eller ved eit høveleg arrangement tilknytt denne.

Frivilligprisen er sett saman av eit pengebeløp/kunstgjenstand