HeimNyheiterHasteinviterer dei over 75 år til dose 3

Hasteinviterer dei over 75 år til dose 3

Kommuneoverlegen ber innbyggjarar over 75 år om hjelp til å bruke opp 700 vaksinedosar som går ut på dato i neste veke.
Publisert: 05.10.2021
Sist endra: 05.10.2021

Helsestyresmaktene opnar no for at eldre over 65 år og sjukeheimsbebuarar kan få ein tredje dose med koronavaksine seks månader etter at dei fekk dose 2.

– Vi har 700 vaksinedosar på lager, som går ut på dato i neste veke – og er difor svært glade for at denne meldinga kjem no, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Etter at nyheita om oppfriskingsdosen kom tysdag formiddag har ei gruppe tilsette i kommunen hasteplanlagt opplegget, som i første omgang opnar for at dei over 75 år kan få tilbod om dose 3 allereie torsdag og fredag denne veka.

Vil ikkje kaste vaksinar

Kommunane skal følgje den same rekkefølgja som tidlegare i koronavaksinasjonen, og starte med dei eldste.

– For å få brukt opp vaksinedosane før dei går ut på dato, opnar vi for vaksinering av dei over 75 år akkurat no – og kjem tilbake med informasjon om oppfriskingsdose til resten av innbyggjarane over 65 år når vi veit meir om vaksineleveransane framover, fortel kommuneoverlegen.

Ho ber innbyggjarar som ønskjer oppfriskingsdosen om å hive seg rundt.

– Hittil har vi utnytta vaksinedosane vi har fått maksimalt. Dette er noko vi er stolte av og ser at vi kan klare å halde på – om innbyggjarane over 75 år hjelper oss med å stille på kort varsel.

Slik kan du få time

Innbyggjarar som bur på sjukeheim og i omsorgsbustad pluss får tilbod om vaksine der dei bur. Innbyggjarar over 75 år kan anten bestille time i Helseboka på nettsida til kommunen eller ringe koronasenteret på 56 37 59 00.

– Vi forsøker å ringe så mange som mogleg av dei aller eldste, slik vi gjorde sist – men oppmodar alle som ønskjer vaksine om å ta kontakt for å bestille time, seier kommuneoverlegen.

Det er førebels berre Pfizer som er godkjent som oppfriskingsdose.

– Hjelp ein du kjenner

Kommuneoverlegen ser at det kan bli krevjande å nå innbyggjarane på så kort varsel og oppmodar alle som kjenner ein over 75 år om å bidra med å spreie informasjonen og hjelpe dei som treng det med å bestille timen på nett.

– Jo fleire som bestiller timen digitalt, desto fleire vil vi klare å samle desse dagane, seier Folgerø.

 

Trykk her for å lese meir om koronavaksinering i Alver kommune.