HeimNyheiterHeidrar alle vintersyklistar: Line syklar til jobb og barnehage året rundt

Heidrar alle vintersyklistar: Line syklar til jobb og barnehage året rundt

– Frå der eg bur til Frekhaug og til jobben i Knarvik, er det berre 5 kilometer og relativt flatt. Det betyr at eg ikkje treng noko spesielt utstyr. Eg syklar i vanleg kvardagsklede og treng ikkje ein dusj etterpå, men kan gå rett til jobben, fortel Line.

Frisk luft og trim motiverer Line Thuen Waage til å bruke sykkelen heile året. Foto: Thor Brødreskift

Frisk luft og trim motiverer Line Thuen Waage til å bruke sykkelen heile året. Foto: Thor Brødreskift

Startar dagen med raude kinn

– Kva er det beste med å vintersykle?

– Det er at det er ei fin moglegheit til å roe litt ned og omstille hovudet litt. På sykkelsetet koblar eg av fra rolla som trebarnsmamma og tunar inn at eg no skal vere kollega og fagperson. Så kjem eg meg ut og får bevega meg litt. Eg startar dagen med raude kinn!

Og å sykle tar ikkje særleg mykje meir tid enn å køyre bil den same strekninga, meiner Line.

– Det tar tid å sette seg i bilen, køyre, finne parkeringsplass og gå det siste stykket til jobben. Eg får frisk luft og trim på veg rett fra dør til dør, og det tar berre nokre minutt meir, smiler Line.

Folk ønsker å sykle meir

Line jobbar som prosjektleiar for kommuneplanen sin samfunnsdel i Alver kommune, og fortel at gode sykkelmoglegheiter er etterspurt av innbyggarane i kommunen.

– Folk ønsker å sykle meir, men det må kjennast trygt og godt, med god trafikksikkerheit. Mange av dei vi har spurt, sier at dei vil sykle meir når det blir betre tilrettelagt, understrekar Line, som har budd på Frekhaug og jobba i tidlegare Lindås kommune i Knarvik i over 5 år.

Eigen sykkelstrategi

Alver kommune utarbeidar ein sykkelstrategi med mål om at fleire skal sykle meir i Alver.

– Sykkelstrategien skal ferdigstillast i april og skal fortelje korleis vi kan nå målet. Det er fleire faktorar som kan spele inn, alt frå sykkelveg, skilting, lys, kunnskap, informasjon til motivasjon. Vintersykkeldag og Sykle til jobben-aksjonen er flotte motiverande tiltak, fortel Kaia Marie Amland, prosjektleiar for sykkelstrategien for Alver.

Miljøløftet-nyhende for syklistar

I forbinding med at Alver kommune no er med i Miljøløftet, som er namnet på samarbeidet om byvekstavtalen for Bergensområdet, er det fleire nyhende for syklistar i Alver.

– I forbinding med den internasjonale vintersykkeldagen, har Miljøløftet Instagram-konkurranse for vintersyklistar. Ved å merke ein sykkelselfie av seg sjølv som vintersyklist med #vintersykkelalver, er ein med i trekninga om sykkelrelevante premiar.

Miljøløftet ønsker også at alle vintersyklistar registrerer seg på nettsida http://winterbiketoworkday.org/, slik at det blir synleg kor mange som faktisk syklar i kommunane våre sjølv om minusgrader og snø har inntatt kvardagen.

– Vintersykkeldagen markerast i ei rekke land, og initiativet starta i Canada for snart ti år sida, fortel sekretariatsleiar Solveig Paule i Miljøløftet.

Gratis å delta i Sykle til jobben-aksjonen

Vintersykkeldagen kan også sjåast som ein førpremiere på Sykle til jobben-aksjonen. Sjølv om sjølve aksjonen ikkje startar før etter påske, er påmeldinga opna.

Alle som bur i ein av avtalekommunane til Miljøløftet, kan allereie no registrere seg heilt gratis som deltakar på sykletiljobben.no.


Sist oppdatert: 11.02.2021
Publisert: 11.02.2021