HeimNyheiterHeimeskule og stengt SFO på Hordabø

Heimeskule og stengt SFO på Hordabø

Elevar i 1.-6. klasse på Hordabø skule må halde seg heime fredag 21. mai.
Publisert: 20.05.2021
Sist endra: 20.05.2021

Fleire elevar på skulen er nærkontaktar til ein person med påvist koronavirus.

– Dei andre elevane på skulen er ikkje i ventekarantene, men vi har valt å stenge skulen fredag 21. mai for å vere på den sikre sida, fortel rektor Ståle Villanger.

Elevane i 7. klasse er på leirskule. Difor er det elevane i 1.-6. klasse som skal ha heimeskule. Skulefritidsordninga er også stengt, både fredag morgon og ettermiddag.

Rektor har informert foreldre og tilsette på skulen, og sender oppdatert informasjon så snart kommunen får svar på prøvane som er tatt av nærkontaktane.

Trykk her for oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Alver kommune.