HeimNyheiterIkkje streik i Alver

Ikkje streik i Alver

Oppdatert 27. mai klokka 07.50: Det blir ikkje streik i Alver i første runde.
Publisert: 25.05.2021
Sist endra: 27.05.2021

Dei sentrale tariffpartane i kommunesektoren har mekla om resultatet av årets lønnsoppgjer. Etter fem timar mekling på overtid vart det klart at KS og tre av dei fire forhandlingspartane godtok forslaget frå Riksmeklaren. 

Det betyr at medlemmene i Fagforbundet og Fellesorganisasjonen FO, som kunne blitt tatt ut i streik i Alver, kjem på arbeid som normalt.

Unio derimot sa nei til forslaget frå Riksmeklaren, og tar 7390 medlemmar i kommunar og fylkeskommunar ut i streik frå og med i dag. Unio har ikkje varsla streike-uttak i Alver i første runde. Kvardagen vår blir med andre ord uendra, til ein eventuell utviding av streiken.