HeimNyheiterInformasjonsmøte om ny Alversund skule og Alverhallen

Informasjonsmøte om ny Alversund skule og Alverhallen

Alver kommune inviterer til ope informasjonsmøte om ny Alversund skule og Alverhallen. Møtet vert digitalt på Teams, og alle som er interesserte er velkomne.
Publisert: 03.06.2021
Sist endra: 09.06.2021

No nærmar ny Alversund skule og Alverhallen seg ferdig! Planen er at bygget vert tatt i bruk tysdag 19.10.21.

Alver kommune inviterer difor til ope informasjonsmøte om ny Alversund skule og Alverhallen. Møtet vert digitalt på Teams.

Tidspunkt: 08. juni 2021 kl. 20.00-21.00

Møtet gjev overordna informasjon om byggeprosjektet og bruken av anlegget. Informasjonen er aktuell for naboar, føresette og alle potensielle brukarar av bygget; elevar og tilsette på skulen, idrett, ungdomsklubb, korps, bygdelag/lag/organisasjonar som er interessert i å leige lokalar osv.

Sjå informasjonsfilm frå prosjektet

Bruk denne lenka for å delta: Informasjonsmøte om ny Alversund skule og hall

Agenda:

  1. Praktisk informasjon om møtet, presentasjon (ca. 5 min)
  2. Presentasjon av bygget v/Inger Marie Jordal – prosjektleiar, Alver kommune (ca. 20 min)
    1. Skuleanlegget
    2. Idrettsanlegget, musikkavdelinga og ungdomsklubben
    3. Aktuelle utleigeareal
    4. Uteareal
    5. Tilkomst/parkering/trafikktryggleik
  3. Bruk av bygget v/Anders Olav Dale – spesialkonsulent Kulturutvikling, idrett og frivilligheit, Alver kommune (ca. 5 min)
    1. Korleis bestille tid i Alverhallen?
    2. Leige
    3. Brukargruppemøter
  4. Spørsmål (avsett ca. 30 min)

Send gjerne inn spørsmål i forkant til inger.marie.jordal@alver.kommune.no. Frist: innan måndag 07.06.21.

Det vert og mogleg å stille spørsmål i chatten undervegs i møtet eller å stille spørsmål munnleg etter presentasjonane i møtet.