HeimNyheiterIngen nye koronatilfelle i russemiljøet

Ingen nye koronatilfelle i russemiljøet

Austrheim og Alver har testa store delar av russekulla i kommunane gjennom helga. Ingen av dei som har testa seg har så langt fått påvist koronavirus.
Publisert: 25.05.2021
Sist endra: 25.05.2021

Fredag 21. mai fekk ein person i russemiljøet i Nordhordland påvist koronavirus. Personen hadde vore på fest i friluftsområdet Haltejohansvika på Frekhaug.

Kommuneoverlegane i Austrheim og Alver bad difor russ og andre ungdomar som hadde vore på fest i dette området sidan torsdag 13. mai om å teste seg.

Mange ungdomar tok oppmodinga og testa seg gjennom helga. Kommunane har fått dei fleste prøvesvara. Hittil har ingen av ungdomane som har testa seg fått påvist koronavirus.

Kommuneoverlegane ber alle om å vere merksame på symptom og ta kontakt for testing – sjølv etter ein negativ test.

Fire nye i Alver

Sidan fredag ettermiddag har fire nye fått påvist koronavirus i Alver kommune.

Tre av desse var i karantene på testtidspunktet. Ingen er knytt til tilfellet i russemiljøet i Nordhordland.

Trykk her for oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Alver.