HeimNyheiterJublar for 200.000 kroner til kajakkprosjekt

Jublar for 200.000 kroner til kajakkprosjekt

– Det er utruleg flott at vi får støtte til eit slikt prosjekt. Ekstra kjekt er det tette samarbeidet vi har med psykisk helse og rus. Vi har eit ønskje om å få flest mogleg ut i aktivitet, og vil bidra til at alle får moglegheit til det, seier Mario-Alexander Vikan Bertheussen, prosjekttilsett i kulturavdelinga til Alver kommune.

BUA tilbyr gratis utlån av utstyr til privatpersonar, men samarbeider også med andre tenester i kommunen, samt lag og organisasjonar.

– Mange lånetakarar spør om kajakkar og psykisk helse og rus har hatt eit spesielt ønskje om å kunne nytte seg av slikt utstyr i sine tilbod. Dei nyttar allereie friluftsliv som metode i sitt arbeid og gler seg til å kunne utvide aktivitetane, forklarer Bertheussen.

Frå venstre ruskoordinatorar Elin Skråmestø Hinriksson, Linn Johannessen Wergeland frå tenesteområdet for psykisk helse og rus og Mario-Alexander Vikan Bertheussen, prosjekttilsett i kulturavdelinga i Alver kommune. (Foto: Birthe Kråkenes Bjørstad/Alver kommune)

Frå venstre ruskoordinatorar Elin Skråmestø Hinriksson, Linn Johannessen Wergeland frå tenesteområdet for psykisk helse og rus og Mario-Alexander Vikan Bertheussen, prosjekttilsett i kulturavdelinga i Alver kommune. (Foto: Birthe Kråkenes Bjørstad/Alver kommune) 

Alle kan få låne

Saman vil BUA og psykisk helse og rus disponere utstyret, men det vil også bli tilgjengeleg for utlån for alle gjennom BUA. Hengaren vil gjere det mogleg å frakte med seg kajakkane, slik at dei kan nyttast der du ønskjer.

– Når vi bur i ein kommune med så mykje vakker kystnatur så er det flott å kunne ta med seg utstyret til alle dei fine perlene vi har rundt oss, seier Bertheussen smilande.

Planen er at kajakkutstyret skal bli mogleg å låne frå BUA før sommaren.

Kva er BUA?

Alver kommune har to utstyrssentralar; BUA Manger og BUA Frekhaug. Dei er drivne av Manger og Frekhaug Frivilligsentral, som høyrer til under avdeling for kulturutvikling, idrett og frivilligheit i Alver kommune.

Utstyrssentralane er eit gratis tilbod til innbyggjarane, der dei som ønskjer kan låne sports- og fritidsutstyr gratis. Samtidig er det eit miljøtiltak som bidreg til at ikkje alle treng kjøpe nytt utstyr kvar sesong.

– Utstyrssentralane har blitt ekstra viktige i koronaperioden, då fleire må leggje aktivitetane sine utandørs, fortel Bertheussen.

Ønskjer du å låne utstyr frå BUA? Klikk her.


Sist oppdatert: 05.03.2021
Publisert: 05.03.2021