Klare til å ta imot 152 flyktningar frå Ukraina
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har til no bedt Alver kommune om å ta imot 152 flyktningar frå Ukraina i 2022.
- Det er alt kome ein del flyktningar frå Ukraina til kommunen. Det er viktig at desse tar kontakt med politiet sitt mottakssenter på Kokstad for å registrere seg som flyktning. Dette sikrar at dei får tilgang til helsetenester, bustad, skule og barnehage i regi av kommunen, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad.
Mange har meldt inn bustad
Ho fortel at eit stort apparat er rigga for å ivareta dei som kjem til kommunen på best mogleg måte.
- Flyktningane vil få tilbod frå eit helseteam som vil kartleggje helsetilstand og behov for oppfølging. Enkelte vil bu hjå slektningar og vener. Dei som treng det, vil få tilbod om bustad og etter kvart skule- og barnehageplass, fortel Sekkingstad.
Ho fortel at kommunen har fått god respons frå innbyggjarar som ynskjer å leige ut bustadar til flyktningar.
- Mange private har så langt meld inn ledige leiligheter og hus, og vi er svært glade for engasjementet til alverbuen, seier Sekkingstad.
Stor hjelpevilje
Kommunen vil også samarbeide med frivillige om fritidsaktivitetar og anna dei kan bidra med. Mange innbyggjarar har tatt kontakt med ynskje om å bidra, og frivilligsentralane vil koordinere og leggje til rette for ulike hjelpetiltak.
- Eg er stolt av det apparatet som no er rigga til å imot flyktningar i ein svært vanskeleg situasjon, og eg kjenner meg trygg på at dei som kjem til oss vil få ein varm velkomst, også frå nye naboar og vener, seier Sekkingstad.
- Innbyggjarar som ønskjer å bidra frivillig kan ta kontakt på: alverforukraina@alver.kommune.no
- Innbyggjarar som har ledige husvære kan ta kontakt på: bustadkontoret@alver.kommune.no