Klart for stolpejakt i Alver kommune
Kommune- og smittevernoverlege i Alver kommune, Terese Folgerø, var ikkje i tvil då spørsmålet om Stolpejakten 2020 kom:
– Det er ikkje farleg å gå på tur, om alle følgjer råda til helsestyresmaktene. Mange er meir inne og sit meir i ro enn normalt. Difor er Stolpejakten ekstra viktig i år, seier Folgerø.
Nett no er det desse råda som gjeld: Ikkje gå meir enn fem ilag og hald minst to meter avstand til dei du møter. Det er også viktig å vaske hendene før du går heimanfrå og når du kjem heim.
Fleire stolpar i år
Stolpejakten Alver er eit samarbeidsprosjekt mellom Knarvikmila, Knarvik Senter og Alver kommune. Knarvikmila tok initiativ til opplegget i fjor, og responsen var heilt overveldande.
– Stolpejakten Alver var den mest populære i heile landet. 5700 var med på jakta og registrerte om lag 80.000 stolpebesøk totalt, seier dagleg leiar i Knarvikmila, Trond Andal.
Han gler seg til å gjenta suksessen og vise fram nye turperler i kommunen.
– Nokre av turane frå i fjor står på kartet i år også, men vi har både fleire turar og fleire nye turar i år. Vi utvidar frå 51 til 65 stoplar, seier Andal.
I tillegg til fleire turar, kjem det fleire stolpar langs dei same turstiane. Kulturrådgjevar i Alver kommune, Bente Kopperdal Hervik, fortel at dette kjem etter ønske frå fleire som jakta stolpar i fjor.
Digital brosjyre
Appen opnar altså 4. april, men brosjyren blir førebels ikkje trykt opp og delt ut som i fjor. Den finn du på www.knarvikmila.no.
– For å unngå smittespreiing, har vi valt å ikkje trykke brosjyren – men gjere han tilgjengeleg på nett, seier Andal.
Han oppmodar i tillegg alle om å ikkje ta på postkasser og skrive seg i turbøker.
– Hjelp oss å gjere dette til ei trygg og god oppleving for alle.