HjemNyheiterKommune-Kari svarar deg døgnet rundt

Kommune-Kari svarar deg døgnet rundt

BEGEISTRA: Leiar for innbyggjarservice i Alver, Silje Andvik Hoaas (nr. 2 frå venstre), slår eit slag for Kommune-Kari, kommunane sin nye «chatbot». Ho oppmodar alle til å nytte snakke-robotane som ein no finn på kommunane sine heimesider. Her saman med Hanne Smørdal Helland, Caroline Haugsdal og Anette Tangen Fredriksen.

 

Dei siste vekene har kommunane i IKT-samarbeidet i og rundt Nordhordland jobba med opplæring av ein ny, digital medarbeidar. Medarbeidaren heiter Kommune-Kari, og er allereie «tilsett» i fleire norske kommunar.

1. mars startar Kommune-Kari her Alver og Gulen. I løpet av dei neste to månadane er ho på plass i dei andre kommunane i samarbeidet også.

Leiar for innbyggjarservice, Silje Andvik Hoaas, er begeistra for den nye medarbeidaren.
– Vi vil at alle tar i bruk Kommune-Kari. Ho gir svar på alt om kommunen sine tenester heile døgnet. Kari svarar raskt, gir presise svar. Vi gler oss til å få ho med på laget vårt, fortel Hoaas med eit smil.

Kunstig intelligens

Kommune-Kari er eit dataprogram på kommunen si heimeside som bruker kunstig intelligens og maskinlæring for å heile tida forbetre svara på spørsmål som vert stilt. Ho hentar informasjon frå kommunen sine heimesider, og vert meir treffsikker i svara dess meir ho vert brukt.

– Vi har dyktige medarbeidarar på innbyggjarservice i Knarvik, på Frekhaug og på Manger som møter innbyggjarane våre i opningstida til kommunen. Fordelen med Kommune-Kari er at ho kan svara på spørsmål heile døgnet, seier Hoaas. Ho legg til at Kari ikkje skal erstatte dei fysiske møta, men vere eit supplement.
– Kari vil hjelpe oss å yte betre service overfor innbyggjarane våre ved at ho alltid er tilgjengeleg, seier Hoaas.

Slik bruker du Kommune-Kari

Kommune-Kari finn du her på nettsida til kommunen.
Ho ligg oppe i eit eige søkjefelt, og når du trykker på dette kjem det opp eit vindauge nede i høgre hjørne der du kan stille korte spørsmål. Kari vil straks analysere spørsmålet, og gi deg svar på det du spør om, eller vise deg lenker til sider med aktuell informasjon

Det er ikkje eit menneske som svarar når du spør Kommune-Kari. Ho svarar heller ikkje på konkrete saker du måtte ha i kommunen, men gir generell informasjon om tenestene våre.

Fakta om Kommune-Kari

  • Kommune-Kari er ein såkalla chatbot, eller snakke-robot, som svarar på spørsmål om kommunen sine tenester.
  • Kari er eit dataprogram som bruker kunstig intelligens og maskinlæring.
  • Når en innbyggjar stiller eit spørsmål i chaten, vil programmet analysere og prøve å forstå spørsmålet basert på det vi har lært den, og kva data som er tilgjengelege. Gjennom dialog med innbyggjar vil chatboten svare og etter kvart gi betre svar. Ho er allereie programmert til å svare på tusenvis av spørsmål.
  • Kommune-Kari svarer på fleire tusen spørsmål og er open heile døgnet.

Sist oppdatert: 01.03.2022
Publisert: 01.03.2022