HeimNyheiterKorleis skal vi forme framtida til Alver - i lag?

Korleis skal vi forme framtida til Alver - i lag?

15. juni vedtok utval for areal, plan og miljø at kommunen skal starte arbeidet med arealdelen i kommuneplanen og leggje planprogrammet ut på høyring.
Publisert: 24.06.2022
Sist endra: 24.06.2022

Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. 19. mai 2022 vedtok kommunestyret i Alver samfunnsdelen.

– Samfunnsdelen seier korleis vi vil utvikle samfunnet, kva vi skal satsa på, kva visjonar og mål vi har for framtida – og kva vi må gjere for å koma dit. Denne er ei viktig føring for kommuneplanen sin arealdel som vi startar å arbeide med no. Arealdelen seier noko om korleis vi skal bruke areala våre i Alver. Difor angår planen alle som bur, arbeider og lever i Alver, seier tenesteleiar for plan og analyse, Kristin Nåmdal. 

Høyring av planprogram og innspelsperiode

No vil vi ha innspel til planprogrammet. Planprogrammet viser korleis vi har tenkt å arbeide med arealdelen i kommuneplanen. I tillegg kan du kome med innspel til korleis du vil utvikle eigedomen din, og til korleis vi skal utvikle areala våre.

Trykk her for å lese planprogrammet og korleis du kan kome med innspel.

Du kan også låne eit eksemplar av planprogrammet på innbyggjarservice i Knarvik Senter.

Frist for å kome med innspel: 15. september 2022

Framtida til kommunen er framtida di. Difor er det viktig for oss å høyre kva du meiner!

Trykk her for å lese meir om arealdelen i kommuneplanen.