HeimNyheiterKoronasmitte i russemiljøet i Nordhordland

Koronasmitte i russemiljøet i Nordhordland

Kommuneoverlegane i Austrheim og Alver ber alle som har vore på fest i Haltejohansvika sidan torsdag 13. mai om å teste seg.
Publisert: 21.05.2021
Sist endra: 21.05.2021

Ein person i russemiljøet i Nordhordland har fått påvist koronasmitte. Vedkommande bur i Alver og går på Austrheim vidaregåande skule.

Personen har vore på fest i friluftsområdet Haltejohansvika på Frekhaug.

Dei vidaregåande skulane i regionen tar direkte kontakt med russen og ber alle om å teste seg i sin heimkommune.

Samstundes ber kommuneoverlegane i Austrheim og Alver andre som har vore på fest i Haltejohansvika sidan torsdag 13. mai om å ta kontakt med kommunen sin for å få ein test.

Koronatest i Alver kommune.

– Det er viktig at folk ikkje utset testen, men tar kontakt med kommunen sin og testar seg så raskt som mogleg, seier Peter Kubon, kommuneoverlege i Austrheim, og Terese Folgerø, kommuneoverlege i  Alver.

Dei oppmodar alle om å begrense sosial kontakt og følgje smittevernreglane.

– Vi kjenner ikkje smittevegen til personen som har fått påvist koronavirus. Difor går vi breitt ut og ber alle om å vere merksame på symptom. Viss du får symptom må du halde deg heime og teste deg på nytt, seier kommuneoverlegane.

Status på koronasituasjonen i Alver.