Kulturposten 14. januar
Tilskotsordningar innan kultur og idrett i Alver kommune – søknadsfrist 1. mars
Alver kommune lyser ut tilskotsmidlar for drift og prosjekt innan følgjande felt:
- Idrett og friluftsliv
- Musikk
- Kunst, scene og kulturformidling
- Kulturbygg
- Kulturvern og samlingar
- Andre kulturaktivitetar
- Langvarige driftstilskot
- Kulturstipend
- Idrettstipend
Nytt i år er at vi har forbetra søknadsskjema. Ein må mellom anna logge seg på med Bank ID. Mange av felta som skal fyllast inn, er merka slik at ein ikkje kjem vidare før feltet er utfylt.
Hugs også å ha sist godkjend årsmelding, rekneskap og budsjett tilgjengeleg,
slik at det kan lastas opp og sendast inn saman med søknad.
Meir informasjon om tilskotsordninga, retningsliner og søknadsskjema finn du ved å klikke her.
NB: Merk at søknadsfristen i 2021 er 1. mars for dei ordningane som i retningslinene står med søknadsfrist 1. februar.
Driftstilskot til lag, organisasjonar og institusjonar som gjennom sitt verksemd/aktivitet har ekstraordinær kommunallokal/regional verdi
Ordninga er ny og vart vedteke av Alver kommunestyre i sak KO-140/20 og trer i kraft første gong i 2022, med søknadsfrist 1. mars 2021.
Alver kommune lyser ut midlar til driftstilskot til verksemder innan kultur og idrettsfeltet som har ei monaleg verdi for kulturlivet i kommunen/regionen, og til verksemder innan kultur og idrettsfeltet som inneber kommunefemnande/regional aktivitet og/eller verdi.
Oppdatert: Søknadsskjema blir lagt ut 1. februar.
Kulturstipend – søknadsfrist 1. mars
Alver kommune skal dele ut opptil tre kulturstipend til kunstnarar/kulturutøvarar, som er registrert busett i Alver kommune, har si verksemd herifrå, og som har heile eller delar av si inntekt frå kunstnarisk eller kulturell verksemd.
Idrettsstipend – søknadsfrist 1. mars
Alver kommune skal dele ut opptil tre idrettsstipend til idrettsutøvarar, trenarar, dommarar eller idrettsleiarar som er del av, eller har bakgrunn frå og tilknytting til, idrettslivet i Alver.
Stipendet prioritere søkjarar i aldersgruppa 15-26 år.
Tilskot til friluftstiltak – løpande søknadsfrist
Alver kommune har ei eiga tilskotsordning til tilrettelegging av turstiar.
Ordninga skal støtta tilrettelegging og utvikling av friluftslivstiltak, og kan gjevast i form av materialar, gjerdeklyv, grinder eller benkar, eller som refusjon av utgifter. Det er løpande søknadsfrist for denne tilskotsordninga.
Ta kontakt med kulturrådgjevar Bente K. Hervik, e-post: bente.kopperdal.hervik@alver.kommune.no eller tlf. 992 45 469 om du ynskjer å søkje på denne ordninga.
Kjapt svar – løpande søknadsfrist
Ordninga gjeld nyskapande, kreative mindre prosjekt som oppstår på kort varsel og som ikkje er ein del av normal drift og aktivitet. Det kan tildelast opp til 10.000 kroner på delegert vedtak.
Ungdomsrådsmidlar – frist 18. januar
Ungdom kan søkje om støtte frå ungdomsrådet til tiltak og aktivitet som kan betre dei unge sitt oppvekstmiljø.
Til dømes: oppstart av aktivitet eller prosjekt, innkjøp av utstyr og materiell, utvikling/formidling av kunst, kulturprodukjson og scene.
Tilskot til kulturbygg – Vestland fylkeskommune – søknadsfrist 15. mars
Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune, samt andre lag som fyller krava i retningslinene for ordninga, kan søkja tilskot til kulturbygg.
For meir informasjon, gå til;
Tilskot til kulturbygg i Vestland - Vestland fylkeskommune
Alver kommune - Tilskotsordningar og stipend
Momskompensasjon idrettsanlegg
Ei ordning for momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg vart etablert i 2010. Ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet,
For meir informasjon, gå til; Om momskompensasjon idrettsanlegg. Les om vilkårene.(lottstift.no)
Tilskotsportalen
På tilskotsportalen finn du oversikt over økonomiske støtteordningar som ditt lag eller organisasjon kan søkje på. For å ha tilgang til tilskotsportalen, må laget eller organisasjonen vera registrert med organisasjonsnummer.
Dersom ditt lag eller organisasjon ikkje har organisasjonsnummer, kan du kontakta kultureininga i Alver kommune for å få tilgang.
Kontaktperson:
Kultur, idrett og frivilligheit
Driftskoordinator Eileen M. Feste
E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
Kontaktinformasjon til tenesteomåde kultur
Klikk her for å finne kontaktinformasjon til tenesteområde kultur.