Lurar du på kva det inneber å vere brannkonstabel?
Du har kanskje aldri tenkt tanken før? Gi tanken ein sjanse, då vel – og stikk innom oss på informasjonsmøte i midten av juni.
- Kva: Open dag for alle som vurderer å bli brannkonstabel
- Når: 14. juni klokka 18.00–20.00
- Kor: På brannstasjonen på Alverflaten, Stølen 7
På møtet får du meir informasjon om aspirantkurset og kva som skal til for å kunne søkje på ledige stillingar som brannkonstabel.
Aspirantkurs og tilsetting som brannkonstabel
Alle som ønskjer å bli ein del av brannkorpset vårt (NHBR) må først søke opptak til og gjennomføre eit aspirantkurs. Det kjem meir informasjon om opptaksprøva og aspirantkurset til hausten.
Dei personlege eigenskapane og haldningane dine er svært viktige for oss. Vi er på jakt etter deg som ønskjer å skape ein tryggare kvardag for innbyggjarane våre.
Vi treng primært brannkonstablar som bur maks 15 minutt frå ein av brannstasjonane våre, men oppmodar alle som har noko å bidra med om å ta kontakt – så tar vi ein prat om vegen vidare.
Har du spørsmål?
Du må ikkje vere med på informasjonsmøtet for å kunne søke opptak til aspirantkurset.
Kan du ikkje vere med på møtet, og har spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss:
- Gunn-Torhild Ramslien, avdelingsleiar
- E-post: gunn-torhild.ramslien@alver.kommune.no
- Mobil: 45 44 03 23
- Alexander Kjesæth, fagansvarleg
- E-post: alexander.kjesaeth@alver.kommune.no
- Mobil: 92 88 94 33