HeimNyheiterMange spente førsteklassingar

Mange spente førsteklassingar

– Gratulera med den store dagen! No er de skuleelevar i første klasse, opna ordførar Sara Hamre Sekkingstad talen til førsteklassingane med.

31 elevar starta i førsteklasse på Lindås barneskule denne onsdagen.

Rektor Viggo Bjørge hadde funne fram finstasen og slipset for å ønskje elevane velkomne. Nøyaktig 50 år sidan hans eigen første skuledag, kunne Bjørge ønskje Lindås-elevane velkomne til deira første dag på skulen.

 Mange spente elevar var klare for første skuledag

Ovidia Lid Knarvik (6) var klar for å møte nye klassekameratar på første skuledag. (Foto: Ingunn Gjærde/Alver kommune)

Årets kjekkaste dag

Førsteklassingane fekk ha med foreldra inn i aulaen første dag.

– Eg trur dei vaksne som er med deg er nesten like spente som deg. Veit du kva vi kan seie til dei? Vi kan seie til dei at lærarane og dei vaksne her på skulen vil gjere alt dei kan for at du skal få ein god, spennande og morosam start på skulen. For vi har mange dyktige, omsorgsfulle og engasjerte lærarar og tilsette som bryr seg om dykk, sa ordføraren til forsamlinga.

Tenesteleiar for skule i Alver, Jan Ove Johansen var glad for å sjå dei spente elevane, klare for skulestart.

– Dette må vere årets kjekkaste dag. Det er alltid spennande å ønskje store og små velkomne tilbake. No er vi klare for eit nytt skuleår med mykje god læring, seier Johansen.


Sist oppdatert: 18.08.2021
Publisert: 18.08.2021