HeimNyheiterMeld deg på Ung Alver sin sommarskule

Meld deg på Ung Alver sin sommarskule

Lurar du på kva du skal finne på i ferien? Ta ein kikk på det rikhaldige programmet til Ung Alver sin sommarskule.
Publisert: 31.05.2021
Sist endra: 31.05.2021

Trykk her for å lese heile programmet digitalt.

Praktisk informasjon om sommarskuletilbodet

I lys av den pågåande Covid-19 pandemien har regjeringa i år bevilga ekstra midlar til sommarskule for elevar i grunnskulen.
Alver Kommune arrangerar sommarskule for born og unge heimehøyrande i Alver Kommune, i samarbeid med fleire samarbeidspartnarar.

Sommarskulen foregår tre dagar i veke 25 og heile veker i veke 26, 27, 31 og 32.

Aktivitetane følgjer klassetrinna frå skuleåret 2020/2021.
Kurstilboda har varigheit på ei veke, frå måndag til fredag kl. 09.00-15.00. For å delta på opplegget må ein delta heile veka. Det er nokre unntak, dette står oppført i programmet.

Alle kursa er gratis og det serverast lunsj kvar dag, om ikkje anna er informert om.

Påmelding

Påmeldinga skjer mellom 26. mai-9. juni gjennom skjema:

Trykk her for påmeldingsskjema

Påmelding til alle kurs gjennomførast gjennom skjema, med unntak av Forskarfabrikken: www.sommerlab.no. Påmeldinga her startar også 26. mai.

Svar på tildelt plass sendast ut i seinast 18. juni, og vert då sendt til e-postadressa som er oppført i påmeldinga. Kvart born tildelast maks to plassar på sommarskulen 2021, inkludert Forskarfabrikken.

Vi tilstrebar at så mange som mogleg skal kunne delta på sommarskulen. Born og unge som har med eigen støttekontakt eller følgjeperson, må opplyse om dette i påmeldinga. Det er viktig at informasjon som arrangørar og kurshaldarar treng vert gjeve i påmeldinga. Er du usikker på noko i forhold til ditt born så ta kontakt med oss.

Sommarskulen har ikkje tilbod til born som skal starte på skulen i august. Sjå på side 22 i hefte for tilbod for born frå 0-6 år.

Alle tilboda har ein oppmøteplass der borna møtar opp kvar dag. Det er ikkje lagt opp til transport, om ikkje anna er opplyst. Arrangørar kan ta i mot born som kjem med buss. Sjekk ut skyss.no for rutetid.

For spørsmål kontakt avdelinga ungdom, fritid og medverknad på
ungalver@alver.kommune.no eller tlf 56 37 50 00
Sommarskulen følgjer nasjonale og lokale tiltak knytt til smittevern.