HeimNyheiterMongstad er ute av konkurransen om batterifabrikk

Mongstad er ute av konkurransen om batterifabrikk

Joint Battery Initiative har kutta ned alternativa. Mongstad er diverre ute av konkurransen.
Publisert: 16.03.2021
Sist endra: 16.03.2021

Austrheim og Alver kommune har fått melding frå Joint Battery Initiative, som tidlegare i år bad om innspel til plassering av ein batterifabrikk.

Saman med Alver kommune leverte Austrheim innspel på fleire moglege lokasjonar i Mongstad-området.

I meldinga frå Joint Battery Initiative heiter det at prosjektet har mottatt meir enn 100 ulike forslag, og at dei etter den første evalueringa har redusert desse til om lag 20 tomteframlegg som skal vurderast vidare. Lokalisering på Mongstad er ikkje med i denne runden.