Mongstad skal bli meir attraktiv for globale investeringar
Regjeringa ønskjer berekraftig vekst i industrien og har oppretta samhandlingsforumet Prosess21. Prosess21 er eit gruppearbeid der ekspertane i norsk prosessindustri skal gi anbefalingar om korleis vi best kan få til minimale utslepp i industrien parallelt med berekraftig vekst.
Ekspertgruppa fekk ei synfaring rundt på Mongstad-området av Asset Buyout Partners, ved Kjell Stople. Her fekk ekspertgruppa ei omvising i dei enorme næringsareala og investeringane på Mongstad som har skapt ny industriaktivitet og grøne teknologiinvesteringar, blant anna landstraumanlegget.
Investerer i infrastruktur
Leiar for næring og utvikling i kommunen, Tanja Hoel, fortalde om korleis kommunen har vore ein tilretteleggjar for petroleumsindustrien på Mongstad. Alver har gjort store investeringar i infrastruktur på Mongstad. Det var difor naturleg å avslutte synfaringa med ein rundtur på Storemyra Næringspark og lunsj på Litlås Vannverk.
Prosess 21 er ein viktig aktør i arbeidet med statleg næringspolitikk og utviklinga av berekraftige lokalsamfunn.
– Alver kommune vil halde fram med å leggje til rette for Mongstad i innovasjon og vidare utvikling, sa leiar for næringsutvalet Stian Lavik.
Satsing på nye energiløysingar
– Mongstad har alle føresetnader for å lukkast framover. Samarbeidsinitiativet Green Spot Mongstad har som mål å utvikle ein felles strategi for ei berekraftig næringsutvikling på Mongstad, sa Baste Tveito, frå Nordhordland Næringslag.
Hydrogen, elektrifisering og havvind var nokre av satsingsområde han såg store moglegheiter for i framtida for Mongstad og Fensfjordbassenget.