Natås barnehage stengt til onsdag
– Personen som har fått påvist koronavirus har få nærkontaktar. Vi har likevel valt å stenge barnehagen, sidan nokre andre har testa seg – og ventar på prøvesvar, fortel tenesteleiar for barnehage, Mona Hagewick.
Natås barnehage på Myking er ein privat barnehage med to avdelingar. Barn og vaksne på begge avdelingane vart sendt heim måndag denne veka.
Styrar har informert dei føresette om situasjonen, og sender oppdatert informasjon så snart koronasenteret er i mål med smittesporinga.
– Foreldre og søsken til barna som er i karantene, treng ikkje halde seg heime. Dei kan gå på skule og arbeid som normalt, så lenge dei kjenner seg friske, fortel Hagewick.