HeimNyheiterNAV Alver har opna nye lokale

NAV Alver har opna nye lokale

Leiar i NAV Alver, Jane Britt Daae kunne smile breitt då ho fekk vise gjestene inn i dei nye NAV-lokala i Knarvik senter. Her er alt lagt til rette for gode møte med innbyggjarane.

 Vi har lagt vekt på gode brukaropplevingar i publikumslokalet, med møterom, pc-ar, ei fin ventesone og eige rom for ungdom, fortel Daae.

Ho hadde ei lang takkeliste av bidragsytarar som har stått på for å levere dei flotte nye lokala, og gratulasjonane strøymde på under opninga.

 Det er ikkje alle byggjeprosjekt som går like knirkefritt som her i Alver, sa Anne Kverneland Bogsnes direktør i NAV Vestland.

Ho skrytte over det utruleg gode samarbeidet i NAV-partnarskapet mellom stat og kommune. I tillegg trekte ho fram dei dyktige leiarane og tilsette i NAV Alver som har vore positive pådrivarar gjennom både flytting, pandemi og bygging av Alver kommune.   

 Desse lokala gjenspeglar det viktige samfunnsoppdraget vi har i NAV. Det gler meg stort å sjå dei nye lokala, som er tilpassa dagens og framtidas behov, sa Bogsnes.

Du finn det nye NAV Alver-kontoret i Kvernhushaugane 2, i Strilabiblioteket sine gamle lokale.

Sara Hamre Sekkingstad klipper snora og opnar NAV Alver sitt nye lokale.

Leni Dale, kommunalsjef for helse og omsorg i Alver kommune (t.v.) og direktør i NAV Vestland Anne Kverneland Bogsnes fekk halde i snora medan ordførar Sara Hamre Sekkingstad stod for snorklipp.


Sist oppdatert: 27.08.2021
Publisert: 27.08.2021