HeimNyheiterNAV Alver ynskjer velkommen i nye lokaler

NAV Alver ynskjer velkommen i nye lokaler

NAV Alver har tatt over biblioteket sine gamle lokale i Knarvik og du finn dei no på grunnplan i Kvernhushaugane 2.
Publisert: 13.08.2021
Sist endra: 13.08.2021

Ombygginga var naudsynt for å få betre og moderne publikumsareal. I første etasje av bygget, der biblioteket var før, er det kome eit nytt møtesenter. Her kan innbyggjarane møte på gateplan med universell utforming, betre fasilitetar og ulike romløysingar ettersom kva føremålet er.

-	Avdelingsleiar Susanne Gjelsvik og leiar Jane Britt Daae ønskjer velkommen til nye lokale

- Offentlege kontor må tilpasse seg endra behov. Vi lever i ein digital kvardag, informasjonsveldet er stort, og omstillinga i arbeidslivet skjer stadig fortare. Vårt samfunnsoppdrag med å hjelpe fleire i arbeid er skjerpa. Nye lokale gjev rom for mange type brukarteneste, seier leiar for NAV Alver, Jane Britt Daae.

Møtesenter og jobbsenter

I møtesenteret får ein informasjon, rettleiing, låne pc og skrivar, digital opplæring, timeavtalar, drop-in, mindre eller større møte med innbyggjarar og samarbeidspartar. Forliksrådet vil også bruke Møtesenteret til sine møterom.

I den eine delen av Møtesenteret vil eit nytt jobbsenter verte etablert. Her vil gruppetilbod, opplæringstiltak, rekrutteringstreff og jobbsøkjarverkstad finne stad. NAV Arbeidslivssenter har tre tilsette som er lokalisert ved NAV Alver.

Saman får vi til meir enn kvar for oss

NAV Alver har 70 medarbeidarar.

- Etter vi vart slått saman 1.1.2020 har vi fått styrka og utvikla tenester. Vi får meir til i lag enn kvar for oss, seier leiar Jane Britt Daae. Tidlegare hadde vi  tilsette som ivaretok store fagområde aleine i sitt kontor. No jobbar vi i fagteam som er meir robuste. Til dømes har vi etablert ungdomsteam, familieteam, gjeldsteam og marknadsteam, forklarar ho.

- Vi er blitt fleire, men lokala er bygd om slik at vi har plass til alle. Eg må få berømme dei tilsette som har stått på og har klart ein usedvanleg stor arbeidsmengde i ein periode med omorganisering, byggjeprosess og pandemi, seier Daae. Ho fortel at tilsette har endra oppgåver for å ivareta kritiske tenester, oppretta nye kontaktflater og løyst stor pågang når pandemien endevende store delar av arbeidslivet i fjor vår.
- Det er godt å lande slike fasar. No ser vi fram til å drive tenestene, seier Daae.

Offisiell markering med snorklipping av ordføraren vert fredag 27. august.

-	Ungdomsteamet inviterar ungdom til jobbverkstad i nye Jobbsenteret. Frå venstre: Avdelingsleiar Arngunna Haga og rettleiarane Janne Sandland, Silje Osland-Grepstad, Andreas Valdersnes