HeimNyheiterNo kan du få varsel på mobilen når bosset skal hentast

No kan du få varsel på mobilen når bosset skal hentast

Tømmekalender MiljøIDapp

I ein travel kvardag kan ein fort gløyme å sette ut dunken, og hugse kva for dunk med avfall som skal setjast fram på kva dag. No vert dette enklare for deg som NGIR-kunde.

I appen MiljløID (som er gratis), kan du velje om du vil ha varsling same dag som bosset vert henta, eller dagen før – og du kan sjølv velje klokkeslettet for varslinga.

Hentekalenderen viser kva slags avfall som vert henta kva for dagar inneverande veke og veka etter på din adresse.

Appen er alltid oppdatert. NB: Tømmekalenderen tek ikkje høgde for sjeldan henting, dei med sjeldan henting må følgje merking/informasjon tilsendt i eigen informasjon.

Hugs at dunken må vere sett ut til kl 07.00 på tømmedag.

MiljøID-appen kan du også nytta for å identifisera deg - og få adgang til gjenvinningsstasjonane. Les om meir om det – og korleis lasta ned, nytta og dela appen her.

 

Korleis finne tømmekalender og leggje inn varsel i MiljøId-appen?

Når du har lasta ned appen og logga inn:

  • Trykk på «Meny» (nede til høgre)
  • Trykk på «Hentekalender»
  • Trykk på eigedomen/adressenamnet du vil sjå hentekalender/aktivera varsel for. (For å leggje til ein eigedom, må den som er mottakar av renovasjonsgebyret gje deg tilgang. Les meir om det her.)
  • «Huk av» for «Varsling» og vel dag og klokkeslett for push-varslinga


OBS: For å få varsling må MiljøID-appen ha tillating til å sende push-varsel, dette gjer du i innstillingar på telefonen.

Vi rår kunden til å ha internett-tilgang (wifi, mobildata el.) på mobiltelefonen for at appen skal fungera/oppdaterast optimalt.

www.ngir.no  finn ein all informasjon om dette, samt rettleiar med bilde på korleis ein finn hentekalender og aktiver varsel i MiljøID-appen.


Sist oppdatert: 01.11.2021
Publisert: 01.11.2021