No kan du nominere kandidatar til kultur- og frivilligpris

Fristen er tysdag 1. november.
Publisert: 24.10.2022
Sist endra: 24.10.2022

Kvart år deler Alver kommune ut ein kulturpris og ein frivilligpris. 

Kulturprisen skal gå til einskildperson, lag eller organisasjon som har gjort ein særskilt innsats innan kultur, idrett/friluftsliv eller frivilligheit over lang tid, til beste for innbyggjarane i kommunen.

Frivilligprisen kan delast ut til einskildpersonar eller lag/organisasjonar som har gjort ein særskilt frivillig innsats og engasjement innan kultur, idrett/friluftsliv, humanitært- eller helserelatert arbeid, til beste for innbyggjarane i kommunen.

Har du forslag til ein kandidat? 
Send inn forslaget ditt til post@alver.kommune.no

Fristen er 1. november.

Trykk her for meir informasjon.