No kan du søkje ungdomsrådmidlar
Ungdom kan på eigenhand, eller saman med lag/organisasjonar, ungdomsklubbar eller elevråd søkje om støtte frå Alver ungdomsråd til tiltak og aktivitet som kan betre unge sitt oppvekstmiljø!
Døme kan vere:
- Oppstart av aktivitet eller prosjekt
- Innkjøp av utstyr og materiell
- Utvikling/formidling av kunst, kulturproduksjon og scene
Ungdom i ei gruppe på minimun 3 kan søke om inntil kr 5000,- i støtte. Dersom 3 ungdommar søkjer saman med ein eller fleire aktørar, kan dei søkje om inntil
15 000,- i støtte. Til dømes kan ungdommar gå saman med elevråd/skule, ungdomsklubb, eller andre lag og organisasjonar, om ein felles søknad.
Treng de nye spel på ungdomsklubben eller ny fotball på ungdomsskulen?
Kan hende de ynskjer å arrangera eit LAN eller noko anna saman med det lokale ungdomslaget? Så lenge målet er å betre dei unge sitt oppvekstmiljø, kan de søkje.
- Søk om støtte! og ver med på å skape eit betre oppvekstmiljø i vår kommune, oppmodar leiar i Alver ungdomsråd, Ling Michelle Aadahl. Også nestleiar i ungdomsrådet, Edas Kondrotas er klar i si tale;
- Ved å ta i bruk desse midlane kan de forbetra ungdomsmiljøet og utvikle kommunen vår
Trykk her for informasjon om korleis du kan søkje
Siste frist er 8. desember.