No startar byggjearbeidet på Lindås
Det var full jubel då ordførar Sara Hamre Sekkingstad fekk æra av å markere byggjestart for den nye kommunale barnehagen.
– I dag er ein milepæl for Lindås. Det er ei stor glede å få lov til å smelle av den første salva på tomta der nytt bygg skal stå. Åsane Byggmesterforretning AS (ÅBF AS) er totalentreprenør for prosjektet, og er klare for å setje i gang med byggjearbeidet. Gratulera med dagen til vår flinke entreprenør og alle på Lindås, sa Sekkingstad.
For barn, føresette og tilsette blir det ein ny kvardag når Kolås barnehage skal erstattast med eit heilt nytt bygg. I dag er Kolås barnehage delt inn i to separate bygg. No blir barna samla under same tak. Søsken vil kunne treffast lettare i løpet av barnehagedagen. I tillegg kan foreldra levere og hente søsken på same stad. Åsane Byggmesterforretning AS i samarbeid med HLM arkitektur og Norconsult vann kontrakten om å byggje den nye barnehagen.
Ein glad liten gjeng markerte byggjestart. Frå venstre Linn Hagen, prosjektleiar i Alver kommune, Mona Hagewick, tenesteleiar for barnehage i Alver kommune, Sandra Waage, prosjektleiar i samspelsfasen for Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver kommune og Gisle Clementsen, prosjektleiar i Åsane Byggmesterforretning AS. Foto: Ingunn Gjærde, Alver kommune
Eit bygg for framtida
Den nye kommunale barnehagen skal bestå av sju avdelingar, og har plass til 99 barn. På om lag 1500 kvadratmeter fordelt på to etasjar skal store og små få boltre seg.
Torget er eit store areal i midten av bygget, som kan tilpassast ulike aktivitetar. Illustrasjon: ÅBF/HLM arkitektur/Norconsult
Barnehagen blir eit moderne bygg med eit levande og aktivt felles torg med nisjer, møtestadar og sitjeplassar sentralt plassert i bygget. Den nye barnehagen ligg like ved Lindås barneskule og Kolås barnehage avdeling Soria Moria.
Ventar i spenning
Både barna og dei tilsette ser fram til at det nye bygget er på plass til oppstart av nytt barnehageår, hausten 2021.
– Vi kan nesten ikkje vente. Vi har vore nede med barna og sett på den nye tomta. Teikningane ser utruleg fine ut, og vi gler oss til å kunne ta bygget i bruk, seier styrar i Kolås barnehage, Hanne Haukås.
I samband med oppstart av byggjearbeidet hadde ordføraren med seg ei gåve til barnehagen. Med nye barnesager på plass kan barna og drive med byggjearbeid og lage nye stiar i nærområdet.
Gler seg til barnehagen er klar
– Du har eit fint smykke, sa Novalie til ordføraren. Novalie Gisvold Strømsheim (5 år) og Sander Søreide Mjelde (5 år) fekk prate med Sekkingstad då ho var på Lindås for å markere den offisielle starten på byggjearbeidet med ny barnehage. Foto: Ingunn Gjærde, Alver kommune
– Er det nokon som gleder seg til å sjå den nye barnehagen, spurde ordføraren over gjerdet til barna.
– Ja, kom det unisont frå barnehagebarna.