HeimNyheiterNy omkøyring i Knarvik

Ny omkøyring i Knarvik

Statens vegvesen er i gang med bygging av oval rundkøyring i Knarvik, og krysset Kvassnesvegen/ E39 vert difor stengt frå og med tysdag 23.03.
Publisert: 22.03.2021
Sist endra: 22.03.2021

Krysset Kvassnesvegen/ E39 vert stengt den 23.03 som vist på kart. Det blir midlertidig inn og utkøyrsel fra Kvassnesvegen ved Reikeråsbygget. Situasjonen blir slik til etter sommarferien. Årsaka er bygging av ny oval rundkjøring i Knarvik, og ny undergang ved Stallane.

Oversiktskart som viser vegstenging

Kontaktperson for Statens vegvesen:
Harry Finseth
95 29 37 53