HeimNyheiterHar du forslag til kandidatar til kulturprisen og frivilligprisen?

Har du forslag til kandidatar til kulturprisen og frivilligprisen?

Har du forslag til kandidatar til kulturprisen og frivilligprisen for 2020? Då vil vi gjerne høyre frå deg innan 15. juni 2021
Publisert: 27.05.2021
Sist endra: 27.05.2021

Alver kommune skal dele ut kulturpris og frivilligpris for 2020. Kulturprisen skal gå til ein einskildperson, lag eller organisasjon, som har gjort ein særskild innsats over tid innan kultur, idrett, friluftsliv eller frivilligheit over lang tid, til beste for innbyggjarane i Alver.

Frivilligprisen skal delast ut til einskildpersonar, lag og organisasjonar som har gjort særskild frivillig innsats i Alver kommune.

Kommunen tek i mot forslag til kandidatar til prisane med frist 15. juni 2021. Forslaga må vere skriftlege og grunngjevne, og det må gå fram kven som står bak forslaga.

Send forslaget ditt til post@alver.kommune.no eller til

Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug, og merk med «Nominasjon kulturpris 2020» eller «Nominasjon frivilligpris 2020».

Trykk her for å lese statuttane for prisane