Ny utstilling på innbyggjarservice i Knarvik
Katona vart i 2018 diagnostisert med autisme i ein alder av 36 år. Dette vart eit vendepunkt for ho på godt og vondt. Det å ha gått udiagnostisert lenge og samtidig skulle takle livets utfordringar med familie, born og arbeidsliv, resulterte i ein periode med depresjon. Men året etter byrja ho å teikne og kunsten vart ein terapi som gjorde at ho kunne få ut og arbeidd med følelsane sine.
– Eg teiknar mørke og sterke bilete for å uttrykkje mørke følelsar, og lysare bilete med element frå naturen i periodane kor eg har det bra, seier Katona.
Kunstnaren brukar ulike teknikkar med akrylmaling og akvarellmaling og ein del av bileta er inspirert av metal og hard rock musikk.
– Naturen, havet og fjell er også gjennomgåande motiv i kunsten min, samtidig som eg likar å male og teikne menneskeskapte objekt og arkitektur, avsluttar Anna Katona.
Utstillinga er å sjå hjå Innbyggjarservice i Knarvik senter no i juli og august.